Foreldra skal bere utgiftene til forsyting og til utdanning av barnet etter evne og givnad og etter dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst etter evne.
Reglane om fostringsplikt for foreldra etter dette kapitlet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde.
Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkomande betale faste pengetilskot til forsyting og utdanning. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å yte pengetilskot når dei forsømer fostringsplikta si etter § 66. Ingen kan gje avkall på den retten barnet har etter dette stykket.
Til særlege utlegg så lenge underhaldsplikta varer, kan foreldra påleggjast å yte særtilskot. Det er eit vilkår at utlegga er rimelege og naudsynte og ikkje går inn under dei utgiftene som det løpande fostringstilskotet skal dekke. Krav om særtilskot må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga kom på. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om særtilskot.
Det er barnet som har rett til tilskotet. Når ikkje noko anna er fastsett, skal det betalast på forskot for kvar månad til den barnet bur saman med fast. Tilskotet skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår og ut den kalendermånaden vilkåra for tilskot fell bort.
Skyldnaden til foreldra etter §§ 66 og 67 varer til barnet er 18 år når ikkje anna er avtala eller fastsett etter paragrafen her.
Vil barnet etter fylte 18 år halde fram med slik skulegang som må reknast som vanleg, har det krav på pengetilskot for den tid skulegangen varer ved. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på tilskot etter denne regelen.
Foreldra kan også påleggjast å yte tilskot til anna vidareutdanning dersom det er rimeleg etter interessene og givnaden til barnet, høvet til å skaffe seg midlar til vidareutdanninga på anna vis og tilhøva elles. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på slike tilskot.
Fostringstilskot som er fastsette etter lova her fell bort frå det tidspunktet tilskot kan fastsetjast etter barnevernloven § 9-2.
Foreldra kan gjere avtale om fostringstilskot til barnet.
Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet. Dette kan dei gjere jamvel om dei opphavleg har gjort avtale om tilskotet, men slik at løpande tilskot berre skal endrast dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 12 prosent. Departementet kan gje forskrift om gebyr der tilskotsfuten tek avgjerd om fastsetjing og endring av fostringstilskot.
Spørsmålet skal likevel avgjerast av domstolane
Når det gjeld tilskot etter § 68 andre og tredje stykket til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som gjer avtale eller er part i saka.
Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet vert født, og dei ikkje har gjort avtale om tilskotet, skal tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet.
Får den tilskotspliktige forsytartillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegangsteneste eller sivilteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet for den tida slikt tillegg vert utbetalt.
Foreldra har plikt til å opplyse det organet som skal handsame fastsetjinga av tilskotet, om kva arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om alt anna som kan ha noko å seie for fastsetjinga av fostringstilskotet. For å fastsetje tilskotet kan organet utan omsyn til teieplikta krevje dei opplysningane som trengst frå arbeidsgjevarar, likningsstell, arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller forvaltar formueverdiar.
Tilskotsfuten skal fastsetje tilskotet slik at fastsette utlegg til forsyting av barnet etter barnet sin alder (underhaldskostnadene) vert delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskotet skal likevel ikkje fastsetjast til eit høgare tilskot enn at tilskotspliktige har att fastsette midlar til eige underhald mv. (bidragsevnevurderinga). Tilskotet skal som hovudregel reduserast for munnleg eller skriftleg avtalt eller offentleg fastsett samvær. Har foreldra avtala delt bustad etter lova § 36, gjeld særskilte reglar.
Tilskotsfuten skal av eige tiltak regulere fostringstilskotet når barnet går over til ei ny aldersgruppe om ikkje anna er fastsett i forskrift etter tredje ledd.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om utmåling av fostringstilskot etter lova her.
Det kan fastsetjast fostringstilskot også for tid som har gått, men likevel ikkje for lengre tid enn tre år før kravet vart sett fram for avgjerdsorganet. Skal fastsetjing skje for meir enn eitt år attende, er det eit vilkår at parten har hatt særleg grunn for forseininga med å setje fram kravet.
Alle faste fostringstilskot til barn skal indeksregulerast etter reglane i denne paragrafen dersom ikkje anna er fastsett i avgjerda eller avtalen.
Indeksreguleringa gjeld også for beløpet som er fastset etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 5 første stykket.
Reguleringa er knytta til endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Tilskota skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Kvar regulering gjeld berre for tilskotsterminar som forfell i juni eller seinare.
Tilskota skal regulerast med den prosentsats som konsumprisindeksen er endra med, rekna ut på næraste tidel. Tilskotssummen vert avrunda til næraste heile ti kroner.
Tilskotsfuten reknar om tilskot som skal krevjast inn etter lova om innkrevjing av fostringstilskot.
Departementet kan gje forskrifter om gjennomføring og utfylling av reglane i paragrafen her.
Tilskot som er fastsett av administrativt organ eller domstol, kan krevjast endra dersom særlege grunnar talar for det. Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om slik endring.
Også tilskot som er eller skulle ha vore betalt då kravet om endring vart framsett, kan setjast ned, setjast opp eller ettergjevast dersom sterke grunnar talar for det. Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om ettergjeving av slik gjeld. Reglane i § 72 andre punktum gjeld tilsvarande.
Vert det teke avgjerd om å setje ned tilskot som alt skulle vere betalt, skal private og offentlege krav i tilskotet for perioden som endringa gjeld, fastsetjast på nytt under omsyn til den nye tilskotssatsen.
Reglane i § 70 andre og tredje stykket gjeld tilsvarande om kven det høyrer under å ta avgjerd om særskilt endring.
Reglane i § 70 sjette stykket om at tilskotsfuten kan fastsetje fostringstilskot av eige tiltak gjeld tilsvarande ved endring av tilskot.
I klagesaker og i saker om endring av tilskot etter § 74 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre tilskot etter barnelova og forsytingstilskot til ektemake endå om ingen av partane krev det.
Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har full tilskotsevne eller samla tilskotsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta eller oppfostringstilskot er fastsett etter lov 17. juli 1992 nr. 100 § 9-2, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av tilskota til barna. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring eller der tilskotsfuten av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld uavhengig av om tilskotspliktige har barn med same tilskotsmottakar eller fleire tilskotsmottakarar. Lova §§ 70 andre stykket og 74 første stykket gjeld tilsvarande. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om samla forholdsmessig fastsetjing av tilskot.
Tilskotsfuten kan utan opphald fatsetje eit førebels tilskot. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at motparten får seie si meining.
Tilskotsfuten kan etter krav ta førebels avgjerd om å setje ned tilskot utan at motparten får seie si meining. Dette gjeld dersom tilskotsfuten finn det klårt at vilkåra for det er til stades.
Førebels avgjerd etter første og andre stykket gjeld frå og med den månaden kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka.
Når tilskotssaka skal avgjerast av retten, gjeld paragrafen her på tilsvarande måte. Førebels tilskot skal fastsetjast av retten i orskurd.
Avgjerd om fostringstilskot til barn fastsett av tilskotsfuten kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Klageretten gjeld ikkje avgjerd som berre gjeld regulering ved overgang til ny aldersgruppe etter § 71 andre stykket.
Fostringstilskot krevjast inn av Innkrevjingssentralen for fostringstilskot etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.
Avgjerd i tilskotssak er tvangsgrunnlag for utlegg. Avgjerda har rettsverknader og kan fullførast før ho er endeleg, om ikkje anna er fastsett. Oppfyllingsfristen er tre dagar, om ikkje annan frist er fastsett.
Ei skriftleg avtale om tilskot er tvangsgrunnlag for utlegg når tilskot etter avtala vert kravd inn etter reglane i bidragsinnkrevjingslova. Det same gjeld ei avgjerd om gebyr som nemnd i § 70 andre stykket.
Vert tilskot som er gjort opp, sett ned etter § 74 eller § 76, kan den tilskotspliktige krevje at Innkrevjingssentralen for fostringstilskot gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som sentralen finn rimeleg.
Om utbetaling av forskot på tilskot gjeld reglane i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven).
Vert nokon som har betalt pålagt eller avtala fostringstilskot til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje summen betalt attende frå folketrygda. Summen skal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå frå tilskotet vart betalt, og til det vert betalt attende. Ei indeksregulering skal likevel først gjerast etter at det er teke omsyn til frådraga den frikjende faren tidlegare har fått i likninga si for betalt tilskot. Fordelen av det tidlegare frådraget i likninga skal setjast til 20 prosent. Kravet kan setjast ned eller falle bort dersom det er klart at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå eller erklære farskapen, eller at han burde ha reist sak til endring tidlegare.
Ein mann som er pålagd fostringsplikt, men ikkje farskap, kan krevje pengane betalte attende frå folketrygda dersom ein DNA-analyse viser at han ikkje kan vere far til barnet. Første stykket gjeld tilsvarande så langt det passar.
Den som vert friteken for farskapen, kan ikkje søkje pengane attende frå barnet sjølv, frå mora eller frå den verkelege faren til barnet.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om tilbakesøking av fostringstilskot etter lova her.