Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld. Dersom ein av foreldra vil flytte, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast seks veker før flyttinga.
Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.
Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare. Dersom samvær ikkje er til beste for barnet, må retten avgjere at det ikkje skal vere samvær.
Foreldra avtalar sjølve omfanget av samværsretten på bakgrunn av kva dei meiner er best for barnet. § 31 andre stykket gjeld for foreldra. I avtale eller avgjerd om samvær skal det mellom anna leggjast vekt på omsynet til best mogleg samla foreldrekontakt, kor gammalt barnet er, i kva grad barnet er knytt til nærmiljøet, reiseavstanden mellom foreldra og omsynet til barnet elles. Vert det avtala eller fastsett «vanleg samværsrett», gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka med overnatting, annakvar helg, til saman tre veker i sommarferien, og annankvar haust-, jule-, vinter- og påskeferie.
Det kan i avtale eller i dom setjast vilkår for samvær. Dersom tilsyn blir sett som vilkår, kan retten utpeike ein person som skal føre tilsyn under samværet, eller be foreldra gjere det. Den av foreldra som skal ha samvær, dekkjer kostnadene til tiltaka som er sett som vilkår for samvær etter denne føresegna.
Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.
Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevje ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 64.
Dersom tilsyn blir sett som vilkår for samværet, kan retten i særlege høve og der omsynet til barnet sine behov talar for det, påleggje kommunal barnevernsteneste eller departementet å oppnemne ein person som skal føre tilsyn under samvær. Retten kan gje pålegg om beskytta tilsyn eller støtta tilsyn.
Pålegget skal fastsetje dei nødvendige vilkåra for samværet, under dette timetalet og avgrensa varigheit.
Den kommunale barnevernstenesta oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved pålegg om beskytta tilsyn. Departementet oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved støtta tilsyn.
Før avgjerda blir fatta, skal retten hente inn ei konkret vurdering frå den kommunale barnevernstenesta eller departementet om korleis pålegget kan gjennomførast.
Eit pålegg kan følgje av ein dom, ei førebels avgjerd etter § 60 eller av eit rettsforlik. Dom og førebels avgjerd skal retten grunngi som nemnt i tvisteloven § 19-6. Om rettsavgjerda blir heva ved rettsforlik, skal retten gjere greie for føremålet med tilsynet og behovet til barnet.
Det offentlege dekkjer kostnadene til tiltaka etter denne føresegna.
Den som skal oppnemnast til å føre tilsynet etter andre ledd, skal leggje fram tilfredsstillande politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd.
Departementet kan gje forskrifter med nærare føresegner om mellom anna oppnemning av personar som skal føre tilsynet, utøvinga av tilsynet, godtgjering, rapportering og kravet om politiattest.
Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen sine kostnader til eiga reise når samværet skjer der barnet bur.
Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 64 gjeld tilsvarande. Fylkesmannen eller departementet sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg.
Når begge foreldra ber om det, kan fylkesmannen fastsetje at ei skriftleg avtale om deling av reisekostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.
(Opphevd med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)
(Opphevd med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)
Når den eine av foreldra eller begge er døde, kan slektningane til barnet eller andre som er nær knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha rett til å vere saman med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha.
I sak om samværsrett mellom foreldra, kan ein forelder som vert nekta samvær krevje at avgjerdsorganet fastset om hans eller hennar foreldre skal ha rett til å vere saman med barnet og kva for omfang samværsretten skal ha. Samvær for besteforeldra kan berre fastsetjast på vilkår av at den som er nekta samvær ikkje får møte barnet.
Reglane i kap. 7 gjeld også for desse sakene. Det krevst ikkje at partane har vore til mekling før dei går til sak.
Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det. Den andre har også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Slike opplysningar kan nektast gjeve dersom det kan vere til skade for barnet.
Avslag på krav om opplysningar etter første stykket andre punktum kan påklagast til fylkesmannen. Reglane i forvaltningslova kapittel VI gjeld så langt dei høver, jamvel om avslaget er gjeve av private.
I særlege høve kan fylkesmannen avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape opplysningsretten etter paragrafen her.