Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.
Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.
Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.
Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.
Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren erklære farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.
Faren skal erklære farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga , eller ved personleg frammøte for
Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa.
Er den som vil erklære farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under på erklæringa.
Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar erklære medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.
Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelege ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, erklæring eller dom.
Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.
Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor. Reglane om etablering og endring av farskap i §§ 6 til 9 og kapitla 3 og 4 gjeld så langt dei høver for fastsetjing og endring av medmorskap.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.
Dersom barnet korkje har far eller medmor i samsvar med reglane i §§ 3 og 4, skal det offentlege ta seg av å få fastsett kven som er faren eller medmora, jf. kapittel 3 og 4.
Dersom ein utanlandsk farskap eller medmorskap ikkje vert lagt til grunn etter § 85, har det offentlege ansvar etter første stykket.
Det offentlege skal klargjere kven som er mor til barnet når dette ikkje er kjent.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.
Barnet kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring. Er barnet mindreårig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.
Kvar av foreldra kan reise sak om farskapen dersom vedkomande legg fram opplysningar som tyder på at ein annan kan vere far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vart født. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak ligg føre, og kan i orskurd gjere unntak frå eittårsfristen når særlege grunnar talar for det.
Den som meiner at han er far til barnet, kan fram til barnet fyller tre år, reise sak om farskapen dersom han legg fram opplysningar som tyder på at han kan vere far. Retten kan i orskurd gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar talar for det. Reglane i andre stykket andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.
Barnet har frå det fyller 18 år rett til å skaffe seg kunnskap om kven som er den biologiske faren, jf. andre stykket, utan at dette endrar farskapen.
Barnet kan krevje at Arbeids- og velferdsdirektoratet gjev pålegg om å levere eigna prøve til DNA-analyse etter § 11 første stykket, og har rett til å få vite resultatet av analysene. Dersom nokon ikkje rettar seg etter pålegget, kan retten gjere vedtak etter § 24 tredje stykket.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.
Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann erklærer farskapen i samsvar med § 4, når erklæringa er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Ei slik erklæring gjeld likevel berre når Arbeids- og velferdsdirektoratet finn at DNA-analyse godtgjer at den andre mannen er far til barnet. Dersom barnet er fylt 18 år, kan farskapen ikkje endrast etter denne paragrafen utan samtykke frå barnet.
Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som mogelege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.
Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.
Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.
Er det utført assistert befruktning på mora, og ektemann eller sambuar har gitt sitt samtykke til dette, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved assistert befruktning.
Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom assistert befruktning er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.