F17.10.2008 nr 1119
Forskrift til offentleglova (offentlegforskrifta) [DELVIS TRÅDT I KRAFT]
2013-08-01
offentlegforskrifta; offentlegforskriften; offentlegforskrift
Hjemmel: L19.05.2006 nr 16 §§ 2, 8, 10, 14, 27, 29, 30, 32
L10.02.1967 § 18
Heimel: Fastsett ved kgl.res. 17. oktober 2008 med heimel i lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg
verksemd (offentleglova) § 2 andre og fjerde ledd, § 8 andre og tredje ledd, § 10 andre og tredje ledd, § 14 tredje ledd,
§ 27, § 29 andre ledd, § 30 fyrste ledd, § 32 fyrste ledd og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
(forvaltningsloven) § 18a andre ledd. Fremja av Justis- og politidepartementet.
Endret ved F22.06.2012 nr. 572 i kraft 01.07.2012, F25.07.2013 nr. 929 i kraft straks.
§ 1. Unntak frå verkeområdet til offentleglova
Offentleglova gjeld ikkje for desse rettssubjekta:
a) EndringNorges sjømatråd AS
b) SIVA Eigedom Holding AS
c) Gassco AS
d) NRK Aktivum AS
e) Petoro AS
f) Posten Noreg AS
g) Statkraft SF
h) Norsk Tipping AS.
i) Endring Eksportkreditt Norge AS
Offentleglova gjeld heller ikkje for:
a) sjølvstendige rettssubjekt utan fast tilsette i administrativ stilling
b) sjølvstendige rettssubjekt som utelukkande har til oppgåve å vareta medlemmene sine interesser som arbeidsgivar eller liknande (interesseorganisasjonar).
Offentleglova gjeld ikkje for desse dokumenta hos sjølvstendige rettssubjekt:
a) dokument som gjeld kunstnarleg og fagleg programmering og planlegging av repertoar i kulturinstitusjonar
b) dokument knytte til formuesforvaltning hos rettssubjekt som har slik forvaltning som føremål
c) dokument hos arbeidsmarknadsføretak godkjent av Arbeids- og velferdsetaten (NAV) som gjeld enkeltpersonar som får bistand frå føretaket
d) dokument knytte til sak om kommersiell utnytting av forskingsresultat og sak om bidrags- eller oppdragsforsking i rettssubjekt innanfor universitets- og høgskulesektoren
e) dokument i sak om søknad om finansiering hos Enova SF
f) dokument knytte til forvaltning av statens interesser i CO2 -handteringsprosjekt hos Gassnova SF
g) dokument i sak om søknad om finansiering hos Innovasjon Noreg, med unntak for positive avgjerder, og dokument knytte til Innovasjon Noregs eksportfremmande verksemd og rådgivingsverksemd overfor idéskaparar og oppfinnarar
h) dokument i sak om utferding av garantiar hos Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK)
i) dokument i saker om finansiering og investering hos Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (NORFUND)
j) dokument hos NRK AS som er knytte til redaksjons- og programverksemda i selskapet
k) dokument hos Statnett SF som kan påverke prisane på kraftmarknaden, inntil opplysningane som går fram av dokumenta er offentleggjorde gjennom formelle kanalar, og dokument hos Statnett SF knytte til internasjonale samarbeidsforhold og kommersielle prosjekt som Statnett SF tek del i
l) dokument i sak om registrering av domenenamn hos UNINETT Norid AS
m) korrespondanse mellom NSB AS og dotterselskap av dette selskapet, samt mellom NSB AS og kundar av selskapet.
Bokstavane e, i og l gjeld ikkje for positive avgjerder.
Paragrafen her gjeld ikkje i saker der eit sjølvstendig rettssubjekt gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. Føresegnene i offentleglova § 6, § 7andre ledd, § 8tredje ledd andre punktum, fjerde ledd og femte ledd og § 30fyrste ledd tredje punktum og andre ledd gjeld uavhengig av paragrafen her for alle verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
§ 2. Utviding av verkeområdet til offentleglova
Offentleglova gjeld for Stiftelsen Nasjonalmuseet for kunst. Lova gjeld likevel berre for dokument som er komne inn til eller som er oppretta av Stiftelsen Nasjonalmuseet for kunst etter at forskrifta her tek til å gjelde.
§ 3. Tilhøvet til rettsstellovene
Domstollova, straffeprosesslova, tvistelova, skilsdomslova (voldgiftslova), tvangsfullføringslova, skjønnslova, gjeldsordningslova, konkurslova, skiftelova og jordskiftelova skal reknast som rettsstellover etter offentleglova § 2fjerde ledd. Offentleglova gjeld for saker om gebyrfastsetjing og om salærfastsetjing til forsvararar, prosessfullmektigar og sakkunnige.
Offentleglova gjeld ikkje for gjeremål som Arbeidsretten har etter arbeidstvistlova andre kapittel og tenestetvistlova sjette kapittel. Lova gjeld heller ikkje for gjeremål som Rikslønnsnemnda har etter lønnsnemndlova § 1 andre ledd og tenestetvistlova sjuande kapittel, og gjeremål som Husleigetvistutvalet har i tvistar etter husleigelovene, jf. husleigelova § 12-5.
§ 4. Betaling for innsyn
Det kan krevjast betaling for innsyn i form av vanlege avskrifter, utskrifter eller kopiar til papir, og for utsendinga, når talet overstig hundre ark i A4-format i éi sak. I slike tilfelle kan organet krevje éi krone per ark utover hundre og betaling for kostnadene for heile utsendinga (porto). Dersom same person krev innsyn fleire gonger i same sak kan det takast omsyn til det ved vurderinga opp mot grensa etter fyrste punktum, dersom dei dokumenta som det blir kravd innsyn i låg føre da eit tidlegare innsynskrav vart framsett.
Det kan vidare krevjast betaling for utskrifter eller kopiar til papir når det gjeld uvanlege format, høgkvalitetskopiar eller liknande dersom kostnadene med dette i vesentleg grad overstig kostnadene ved vanleg kopiering. Det same gjeld ved kopiering til anna lagringsmedium enn papir. Betalinga skal ikkje overstige dei faktiske kostnadene organet blir påført. Det kan ikkje takast omsyn til tida som går med til å behandle innsynskrav, skrive ut eller kopiere dokument og til å sende ut dokument. Det kan ikkje krevjast betaling når dokument som alt er tilgjengeleg i elektronisk versjon blir sendt som elektronisk post.
Arkivdepot kan krevje betaling for avskrifter, utskrifter og kopiar til papir av arkivmateriale etter satsar fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet. Andre ledd tredje til femte punktum gjeld tilsvarande.
Det kan krevjast betaling for informasjon som blir produsert eller tilarbeidd utelukkande for å dekkje eit behov hos eksterne aktørar. Betalingssatsane skal ikkje overstige kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjonen, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane.
Det kan krevjast betaling for geodata (kart mv.) og eigedomsinformasjon. Betalingssatsane skal vere slik at inntektene ikkje overstig dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjon. Organ som har utarbeiding og utlevering av geodata eller eigedomsinformasjon som ei hovudoppgåve i si verksemd, kan likevel krevje betaling for informasjon etter fyrste punktum etter slik betalingssats at inntektene tilsvarar dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjon, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane.
Organ som skal drivast på kommersiell basis, eller som heilt eller dels skal vere sjølvfinansierande, kan ta betaling for informasjon, så langt det er fastsett at betaling for informasjon skal vere ein del av inntektsgrunnlaget til organet. Reglane om betalingssatsar i femte ledd tredje punktum gjeld tilsvarande.
Føresegnene i paragrafen her eller offentleglova § 8 gjeld ikkje høvet til å ta betalt for tenester som går ut over innsynsretten etter offentleglova eller anna lovgiving.
§ 5. Unntak frå rett til kopi
Det kan ikkje givast elektronisk kopi av materiale som ein tredjeperson har immaterielle rettar til, så langt materialet har økonomisk verdi, og det medfører fare for at materialet kan bli misbrukt i kommersiell samanheng om kopi blir gitt. Unntaket etter fyrste punktum gjeld ikkje for søknadar, argumentasjonsskriv, høyringsfråsegner og liknande vanleg materiale som blir sendt inn i samband med ei sak.
Retten til kopi gjeld ikkje for journalar og dokument som er avleverte til arkivdepot, og som er i så dårleg stand at dei kan bli skadde eller øydelagde ved kopiering.
§ 6. Tilgjengeleggjering av journalar på Internett
Følgjande organ som fører elektronisk journal, skal gjere journalen tilgjengeleg for ålmenta på Internett:
a) alle departementa og Statsministerens kontor
b) alle dei statlege direktorata som har heile landet som verkeområde
c) alle dei statlege tilsyna som har heile landet som verkeområde
d) fylkesmennene.
Plikta til å gjere journalen tilgjengeleg på Internett omfattar berre den sentrale eininga i eit direktorat eller eit tilsyn som også har regionale einingar. Utanriksdepartementet kan fastsetje at utanriksstasjonar som fører eigen elektronisk journal, skal gjere han tilgjengeleg for ålmenta på Internett. Det overordna departementet avgjer i tvilstilfelle om eit underlagt organ er omfatta av plikta til å gjere journalen tilgjengeleg på Internett.
Følgjande organ er ikkje i noko tilfelle omfatta av plikta til å gjere elektronisk journal tilgjengeleg på Internett:
a) Regjeringsadvokaten
b) Riksadvokaten
c) Etterretningstenesta
d) Politiets tryggingsteneste (PST)
e) Patentstyret
f) Nasjonalt tryggingsorgan
g) Norsk pasientskadeserstatning
h) Pasientskadenemnda.
Innhaldet i journalar som blir gjorde tilgjengelege på Internett, skal vere i samsvar med arkivforskrifta § 2-7 fyrste ledd andre punktum. I tillegg skal journalen opplyse om kontaktpunkt for den enkelte sak hos det aktuelle organet. Når opplysningar ikkje er tekne med i offentleg journal, jf. arkivforskrifta § 2-7 andre ledd, skal utelatinga og fullstendig unntaksheimel gå fram av journalen. Dersom det er teke avgjerd om at eit dokument heilt eller dels skal vere unnateke frå innsyn, kan journalen innehalde opplysning om dette i form av fullstendig unntaksheimel og med opplysning om unntaket gjeld heile eller delar av dokumentet.
Opplysningar som er nemnde i § 7 andre ledd, skal ikkje gå fram av offentleg elektronisk journal. Slike opplysningar skal heller ikkje gå fram av journal eller liknande register som eit organ som ikkje er omfatta av ordninga etter fyrste ledd gjer tilgjengeleg på Internett. Offentleg elektronisk journal for organ som er omfatta av ordninga etter fyrste ledd, skal innrettast slik at det ikkje skal vere mogleg å få treff på personnamn i innførslar i journalane som er eldre enn eit år.
§ 7. Tilgjengeleggjering av dokument på Internett
Organ som er omfatta av offentleglova, kan gjere dokument tilgjengelege for ålmenta på Internett.
Følgjande skal ikkje gjerast tilgjengeleg på Internett:
a) opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov
b) opplysningar som det kan gjerast unntak frå innsyn for etter § 9 i forskrifta her
c) opplysningar som nemnde i personopplysningslova § 2 nr. 8
d) fødselsnummer, personnummer og nummer med tilsvarande funksjon
e) opplysningar om lønn og godtgjering til fysiske personar, med unntak for opplysningar om lønn og godtgjering til personar i leiande stillingar i det offentlege og i leiande stillingar eller i styret i sjølvstendige rettssubjekt
f) materiale som ein tredjepart har immaterielle rettar til, med unntak for slikt materiale som er nemnd i § 5 fyrste ledd andre punktum og for materiale der rettshavaren samtykkjer til at materialet blir gjort tilgjengeleg.
Organ som gjer dokument tilgjengeleg for ålmenta på Internett, skal opplyse kva for kriterium som ligg til grunn for utvalet av dokument.
§ 8. Dokument utarbeidde for eiga saksførebuing (organinterne dokument)
Unntaket i offentleglova § 14fyrste ledd for organinterne dokument gjeld ikkje for dokument frå administrasjonen til styret i føretak etter helseføretakslova, dokument frå administrasjonen til kollegial eining ved universitet og høgskular og dokument som blir utveksla mellom fakultet ved universitet og høgskular.
§ 9. Unntak for dokument og journalar
Det kan gjerast unntak frå innsyn i dokument og journalar som er avleverte til arkivdepot når originalane er i så dårleg stand at dei ikkje toler handtering eller kopiering, eller arkivordninga gjer det urimeleg arbeidskrevjande å finne materialet eller å sikre at opplysningar som er underlagde teieplikt eller graderte ikkje blir leverte ut.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for tilbod og protokollar i tilbodskonkurransar som gjeld kjøp av flyrutetenestar etter regelverk gitt i medhald av luftfartslova, inntil val av leverandør er gjort.
Det kan gjerast unntak frå innsyn i dokument som gjeld saker hos Etterretningstenesta og hos Politiets tryggingsteneste (PST) og frå innsyn i journalar hos desse organa.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar og dokument i enkeltsaker hos Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar, og i enkeltsaker etter utlendingslova, pasientskadelova og statsborgarlova.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar i følgjande sakstypar:
a) enkeltsaker om adopsjon, ekteskap, partnarskap, separasjon, skilsmål, farskap, nedstamming, barnefordeling og bidrag
b) enkeltsaker som gjeld konsulær bistand frå utanrikstenesta
c) enkeltsaker etter barnevernlova, sosialtenestelova, psykisk helsevernlova og verjemålslova.
§ 10. Innsyn i graderte dokument
Ved krav om innsyn i dokument som inneheld materiale som er påført gradering etter sikkerheitslova eller beskyttelsesinstruksen, skal spørsmål om avgradering leggjast fram for den som har oppretta dokumentet, for avgjerd i samsvar med informasjonssikkerheitsforskrifta § 2-13 eller i samsvar med beskyttelsesinstruksen § 5. Organet som mottek innsynskravet kan likevel avslå eit krav om innsyn, utan at spørsmålet om avgradering fyrst har vore lagt fram etter fyrste punktum, dersom
a) det uavhengig av graderinga ikkje skal givast innsyn i dokumentet, eller
b) det uavhengig av graderinga kan gjerast unntak frå innsyn i dokumentet, og organet som mottek innsynskravet finn at meirinnsyn ikkje skal givast.
Finn det forvaltningsorganet som mottek kravet grunn til å tru at det ikkje kan gjerast unntak frå innsyn etter offentleglova, eller at ei gradering elles ikkje kan oppretthaldast, skal det følgje prosedyren for omgradering som er fastsett i informasjonssikkerheitsforskrifta § 2-9 til § 2-12 [2-9, 2-10, 2-11, 2-12] eller i beskyttelsesinstruksen § 5.
§ 11. Klageinstans
Det organet som eit uavhengig forvaltningsorgan administrativt høyrer inn under, er klageinstans når det uavhengige organet har avslått eit krav om innsyn.
Eit statleg organ som utøver eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i offentleglova § 2fyrste ledd bokstav c, eller står for utveljing av medlemmer til det øvste organet i eit sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i offentleglova § 2fyrste ledd bokstav d, er klageinstans når det sjølvstendige rettssubjektet har avslått eit krav om innsyn. Organet kan i staden bestemme at eit underordna forvaltningsorgan skal vere klageinstans.
Dersom ein kommune eller fylkeskommune utøver eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt som er omfatta av offentleglova § 2fyrste ledd bokstav c, eller står for utveljing av medlemmer til det øvste organet i eit sjølvstendig rettssubjekt som er omfatta av offentleglova § 2fyrste ledd bokstav d, er Fylkesmannen klageinstans når det sjølvstendige rettssubjektet har avslått eit krav om innsyn. Tilsvarande skal gjelde dersom fleire kommunar, eller ein fylkeskommune og ein eller fleire kommunar, saman utøver eigarskap til, eller saman står for utveljing av medlemmer til det øvste organet i, eit slikt sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i fyrste punktum. Dersom kommunane etter andre punktum høyrer til ulike fylke skal klageinstansen vere fylkesmannen i det fylket som flest av kommunane tilhøyrer, men dersom ein fylkeskommune inngår i samanslutninga skal likevel fylkesmannen i dette fylket alltid vere klageinstans. Er det like mange kommunar som høyrer til fleire av dei aktuelle fylka etter tredje punktum, skal fylkesmennene der bli einige om kven av dei som skal vere klageinstans. Dersom fleire fylkeskommunar saman utøver eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i fyrste punktum, eller saman står for utveljing av medlemmer til det øvste organet i eit slikt sjølvstendig rettssubjekt, gjeld fjerde punktum tilsvarande.
Kultur- og kyrkjedepartementet er klageinstans dersom Stiftelsen Nasjonalmuseet for kunst, jf. § 2, har avslått eit krav om innsyn.
Dersom Sametingets administrasjon har avslått eit krav om innsyn er Sametingsrådet klageinstans.
§ 12. Iverksetjing og overgangsreglar
Forskrifta gjeld frå 1. januar 2009 med unntak for § 6 som gjeld frå den tida Justis- og politidepartementet fastset.
For organ der det tidlegare kunne gjerast heilt eller delvis unntak frå innsyn i journalen, gir ikkje offentleglova rett til innsyn i journalinnførslar som vart gjorde før iverksetjinga.
§ 13. Oppheving av eldre forskrifter
Frå forskrifta tek til å gjelde, blir desse forskriftene oppheva:
1. Forskrift 14. februar 1986 nr. 351 til offentlighetsloven. Delegering av myndighet
2. Forskrift 19. desember 1986 nr. 2202 om offentlighetslovens anvendelse på dokumenter som ikke er papirbasert
3. Forskrift 2. mars 2001 nr. 183 om offentlighetslovens anvendelse på Statens nærings- og distriktsutviklingsfond
4. Delegering 30. november 2001 nr. 1322 av myndighet til Finansdepartementet etter offentlighetsloven § 2tredje ledd
5. Vedtak 7. oktober 2005 nr. 1116 om Finansdepartementets råd for investeringsstrategi og forholdet til offentlighetsloven.
§ 14. Endringar i andre forskrifter
Frå forskrifta tek til å gjelde, blir desse endringane gjorde i andre forskrifter:
1. I instruks 17. mars 1972 nr. 3352 for behandling av dokumenter som trenger beskyttelse av andre grunner enn nevnt i sikkerhetsloven med forskrifter (beskyttelsesinstruksen) blir det gjort følgjande endringar:
§ 4 skal lyde:
Gradering av et dokument skal bare foretas når det kan unntas fra offentlighet i medhold av offentleglova og skadevirkninger som nevnt i § 4 kan inntreffe.
§ 6 fjerde ledd fyrste punktum skal lyde:
Når et dokument graderes, skal det angis hvilken bestemmelse i offentleglova som gir hjemmel for å unnta dokumentet fra offentlighet.
§ 7 tredje ledd skal lyde:
En part har rett til å gjøre seg kjent med sakens dokumenter for så vidt ikke annet følger av reglene i forvaltningsloven § 18 til § 20.
2. I forskrift 6. april 1973 nr. 9740 for Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar blir § 19 oppheva.
3. I forskrift 9. august 1974 nr. 6 om fritak for og utsettelse med fremmøte i Forsvaret ved mobilisering blir punkt 81 oppheva.
4. I forskrift 25. juni 1976 nr. 5 om fastsetting av normpriser skal § 3 tredje ledd tredje og fjerde punktum lyde:
For partenes adgang til å gjøre seg kjent med sakens dokumenter gjelder bestemmelsene i forvaltningsloven § 18 til § 21 med mindre annet følger av denne bestemmelsen. Skjønnsmessige holdepunkter og tallfesting av disse i tilknytning til skjønnet anses ikke som faktiske opplysninger og bearbeiding av faktum i forhold til forvaltningsloven § 18c.
5. I forskrift 22. desember 1978 nr. 4 om Markedsrådets og Forbrukerrådets behandling av forbrukertvister mv. blir § 12 fyrste ledd oppheva.
6. I forskrift 11. januar 1991 nr. 13 Sikkerhetsbestemmelser for kraftforsyningen blir punkt 5 oppheva.
7. I forskrift 20. desember 1996 nr. 1161 til domstolloven kapittel 11 (Advokatforskriften) blir det gjort følgjande endringar:
§ 4-2 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:
Forvaltningsloven og offentleglova gjelder for Tilsynsrådets virksomhet.
§ 6-2 fjerde ledd fyrste punktum skal lyde:
Med de begrensninger som følger av domstolloven § 226 gjelder forvaltningsloven og offentleglova for Advokatbevillingsnemndens virksomhet.
8. I forskrift 11. desember 1998 nr. 1193 om offentlege arkiv blir det gjort følgjande endringar:
§ 2-6 fyrste ledd skal lyde:
Eit offentleg organ skal ha ein eller fleire journalar for registrering av dokument i dei sakene organet opprettar. I journalen skal ein registrere alle inngåande og utgåande dokument som etter offentleglova § 4 må reknast som saksdokument for organet, dersom dei er gjenstand for saksbehandling og har verdi som dokumentasjon. Organinterne dokument, jf. § 1-1 til § 1-3, registrerer organet i journalen så langt organet finn det tenleg. Desse organinterne dokumenta skal likevel alltid journalførast:
a) dokument som omtalt i offentleglova § 14 andre ledd
b) dokument som omtalt i offentleglova § 16 fyrste ledd bokstav a til d, § 16 andre ledd og § 16 tredje ledd første punktum
c) dokument som omtalt i offentlegforskrifta § 8.
Dokument som skal haldast utanfor arkivet etter § 3-18 fyrste ledd og § 3-19 i føresegnene her, skal ikkje journalførast.
§ 2-7 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:
Innføring i journalen skal skje på ein måte som gjer det mogleg å identifisere dokumentet, så langt dette kan gjerast utan å røpe opplysningar som er undergitt teieplikt i lov eller i medhald av lov, eller som elles kan unntakast frå offentleg innsyn.
§ 5-6 tredje ledd skal lyde:
Arkivdepot kan krevje betaling for avskrifter, utskrifter og kopiar til papir av arkivmateriale etter satsar fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet. Betalinga skal ikkje overstige dei faktiske kostnadene organet blir påført. Det kan ikkje takast omsyn til tida som går med til å behandle innsynskrav, skrive ut eller kopiere dokument og til å sende ut dokument. Det kan ikkje krevjast betaling når dokument som alt ligg føre i elektronisk versjon, blir sendt som elektronisk post. Føresegnene i andre og tredje punktum gjeld ikkje høvet til å ta betalt for tenester som går ut over innsynsretten etter offentleglova eller anna lovgiving.
9. I forskrift 6. august 1999 nr. 885 om en særskilt klagenemnd for behandling av klager over vedtak om erkjentlighetsbeløp til personer som i Norge ble rammet av antijødiske tiltak under den 2. verdenskrig skal § 2 tredje ledd lyde:
For øvrig gjelder forvaltningsloven og offentleglova for klagenemndas saksbehandling.
10. I forskrift 15. juni 2001 nr. 635 om svangerskapsavbrudd (abortforskriften) skal § 7 fjerde ledd lyde:
I underretningen skal det videre opplyses om retten til å se sakens dokumenter etter forvaltningsloven § 18 til § 20, og at kvinnen kan gi ytterligere opplysninger om hun ønsker det.
11. I forskrift 10. desember 2004 nr. 1641 om valg til Sametinget skal § 21 tredje ledd sjette punktum lyde:
Skjema med støtteerklæringer er unntatt offentlighet, jf. offentleglova § 13 og forvaltningsloven § 13 første ledd nr. 1.
12. I forskrift 25. juni 2004 nr. 988 om elektronisk kommunikasjon med og i forvaltningen (eForvaltningsforskriften) skal § 10 tredje ledd bokstav b lyde:
b) at risiko for uberettiget innsyn i opplysningene eller dokumentene er forebygget på en tilfredsstillende måte, eller når innsyn kan kreves etter offentleglova eller annen lovbestemt allmenn innsynsrett.
13. I forskrift 16. desember 2005 nr. 1477 om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage skal § 5 fyrste ledd lyde:
Forvaltningslovens regler om partsinnsyn i § 18 til § 21 gjelder tilsvarende så langt det ikke er gitt særregler her.
14. I forskrift 7. april 2006 nr. 402 om offentlige anskaffelser skal § 3-5 lyde:
§ 3-5. Offentlighet
For allmennhetens innsyn i tilbud og anskaffelsesprotokoll gjelder offentleglova.
15. I forskrift 15. desember 2006 nr. 1456 til forvaltningsloven (forvaltningslovforskriften) skal ny § 13a lyde:
§ 13a. Organinterne dokumenter i statlige og statlig tilknyttede organer
Unntaket i forvaltningsloven § 18a første ledd om organinterne dokumenter gjelder ikke for dokumenter fra administrasjonen til styret i foretak etter helseforetaksloven og fra administrasjonen til kollegial enhet ved universiteter og høyskoler.
16. I forskrift 14. desember 2007 nr. 1417 til patentloven (patentforskriften) skal § 95 fyrste punktum lyde:
Saksdokumentene til Den etiske nemnden for patentsaker er omfattet av offentleglova, men slik at nemndens saksdokumenter først blir offentlige fra samme tid som Patentstyrets dokumenter i saken, jf. patentloven § 22 første til tredje ledd.
F25.07.2013 nr. 929 i kraft straks. "Eksportutvalet for fisk AS" er erstattet med "Norges sjømatråd AS".
F22.06.2012 nr 572 i kraft 01.07.2012. § 1 første ledd ny bokstav i.