F16.12.2005 nr 1513
Forskrift om kontroll med retten til supplerande stønad.
Hjemmel: L29.04.2005 nr 21 § 21
Fastsett av Arbeids- og sosialdepartementet 16. desember 2005 med heimel i lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad
til personar med kort butid i Noreg § 21 andre leddet.
Endret ved F30.06.2006 nr 790 i kraft 01.07.2006.
§ 1. Plikt til å møte personleg
Ein person som får supplerande stønad etter lov 29. april 2005 nr. 21 kan bli innkalla til personleg frammøte på det felles lokale kontoret i arbeids- og velferdsforvaltninga opptil to gonger i året. Det same gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar som ikkje har fylt 67 år. Frammøte etter første eller andre punktumet kjem i tillegg til personleg frammøte ved søknad om stønad eller forlenga stønad.
§ 2. Plikt til å gi opplysningar som verkar inn på stønadsretten
Personar som vert pålagte frammøte på det felles lokale kontoret etter § 1, skal ved frammøtet vise pass eller anna reisedokument for kontroll av opphald i utlandet i stønadsperioden. Ved frammøtet skal dei òg gi opplysningar om eventuelle endringar i inntekt, formue, sivilstand, personar dei forsørgjer og andre tilhøve som verkar inn på retten til supplerande stønad.
§ 3. Stans av stønad ved manglande svar eller frammøte
Dersom ein person ikkje følgjer opp eit pålegg om personleg frammøte etter § 1, kan utbetalinga av supplerande stønad bli stansa frå og med den neste kalendermånaden. Dette gjeld dersom personen ikkje tar kontakt med det felles lokale kontoret seinast tre veker etter at innkallinga til kontrollsamtale vart sendt ut eller ikkje møter til avtalt tid. Dersom det manglande frammøtet berre gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar under 67 år, skal stans av stønaden vere avgrensa til auken i stønad på grunn av forsørging av person som nemnd.
§ 4. Ikraftsetjing
Forskrifta her gjeld frå 1. januar 2006.
F30.06.2006 nr 790 i kraft 01.07.2006. § 1 er endret. Før endring:
§ 1. Plikt til å møte personleg på trygdekontoret
Ein person som får supplerande stønad etter lov 29. april 2005 nr. 21 kan bli innkalla til personleg frammøte på trygdekontoret opptil to gonger i året. Det same gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar som ikkje har fylt 67 år. Frammøte etter første eller andre punktumet kjem i tillegg til personleg frammøte ved søknad om stønad eller forlenga stønad.
F30.06.2006 nr 790 i kraft 01.07.2006. § 2 første punktum. Ordet "trygdekontoret" er endret til "det felles lokale kontoret". Før endring:
Personar som vert pålagte frammøte på trygdekontoret etter § 1, skal ved frammøtet vise pass eller anna reisedokument for kontroll av opphald i utlandet i stønadsperioden.
F30.06.2006 nr 790 i kraft 01.07.2006. § 3 er endret. Før endring:
Dersom ein person ikkje følgjer opp eit pålegg om personleg frammøte etter § 1, kan trygdekontoret stanse utbetalinga av supplerande stønad frå og med den neste kalendermånaden. Dette gjeld dersom personen ikkje tar kontakt med trygdekontoret seinast tre veker etter at innkallinga til kontrollsamtale vart sendt ut eller ikkje møter på trygdekontoret til avtalt tid. Dersom det manglande frammøtet berre gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar under 67 år, skal stans av stønaden vere avgrensa til auken i stønad på grunn av forsørging av person som nemnd.