F15.01.2003 nr 122
Forskrift om samla fastsetjing av tilskot i visse tilfelle
Januar 2009
Hjemmel: L08.04.1981 nr 7 § 75
EndringFastsett av Barne- og familiedepartementet 15. januar 2003 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 75.
Endret ved F18.03.2004 nr 562 i kraft 01.04.2004, F31.05.2006 nr 619 i kraft 01.07.2006, F15.12.2008 nr 1369 i kraft 01.01.2009.
§ 1.
Endring Når ein tilskotspliktig med fleire barn ikkje har full tilskotsevne før samværsfrådrag, eller samla tilskot før samværsfrådrag er høgare enn 25 prosent av den tilskotspliktige si inntekt, eller oppfostringstilskot er fastsett etter lov 17. juli 1992 nr. 100 § 9-2, skal avgjerdsorganet etter eige initiativ fordele tilskota til barna i same forhold. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring, eller når tilskotsfuten etter eige initiativ kan ta opp eit krav.
Regelen gjeld uavhengig av om den tilskotspliktige har barn med den same tilskotsmottakaren eller fleire tilskotsmottakarar, og uavhengig av om det gjeldande tilskotet er fastsett av det offentlege eller ved avtale.
EndringArbeids- og velferdsetaten fastsett nye tilskot for alle barna og fordeler desse i same forhold.
§ 2.
Det gjeldande tilskotet skal berre endrast dersom reglane i barnelova kapittel 8 med tilhøyrande forskrift vil føre til ei endring på meir enn 12 prosent.
§ 3.
Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. oktober 2003.
F18.03.2004 nr 562 i kraft 01.04.2004. Hjemmelsfeltet er endret. Før endring:
Fastsett av Barne- og familiedepartementet 15. januar 2003 med heimel i lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 58.
F15.12.2008 nr 1369 i kraft 01.01.2009. § 1 første ledd er endret. Før endring:
Når ein tilskotspliktig med fleire barn ikkje har full tilskotsevne før samværsfrådrag, eller samla tilskot før samværsfrådrag er høgare enn 25 prosent av den tilskotspliktige si inntekt, skal avgjerdsorganet etter eige initiativ fordele tilskota til barna i same forhold. Dette gjeld i alle typer saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring, eller når tilskotsfuten etter eige initiativ kan ta opp eit krav.
F31.05.2006 nr 619 i kraft 01.07.2006. § 1 tredje stykket er endra. Før endring:
Trygdekontoret fastset nye tilskot for alle barna og fordeler desse i same forhold.
F15.12.2008 nr 1369 i kraft 01.01.2009. § 2 er endret. Før endring:
Det gjeldande tilskotet skal berre endrast dersom reglane i barnelova kapittel 8 med tilhøyrande forskrift vil føre til ei endring på meir enn 10 prosent.
F18.03.2004 nr 562 i kraft 01.04.2004. § 2 er endret. Før endring:
Det gjeldande tilskotet skal berre endrast dersom reglane i barnelova kapittel 7 med tilhøyrande forskrift vil føre til ei endring på meir enn 10 prosent.