F15.01.2003 nr 121
Forskrift om særtilskot
Januar 2009
Hjemmel: L08.04.1981 nr 7 § 67
EndringFastsett av Barne- og familiedepartementet 15. januar 2003 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 67.
Endret ved F31.05.2006 nr 620 i kraft 1. juli 2006, F15.12.2008 nr 1368 i kraft 01.01.2009.
§ 1.
Foreldra kan påleggjast å yte særtilskot dersom det oppstår særlege utlegg. Dersom foreldra ikkje blir samde om å halde ei markering av konfirmasjonen saman, kan begge foreldra påleggjast å yte særtilskot til den andre forelderen si markering. Det er eit vilkår at utgiftene er rimelege og nødvendige, og ikkje går inn under dei utgiftene som det ordinære fostringstilskotet skal dekkje.
§ 2.
Særtilskot blir fastsett av tilskotsfuten på grunnlag av dei faktiske utgiftene som blir dokumenterte. Det kan ikkje påleggjast særtilskot dersom utlegget er lågare enn fullt tilskotsforskot per månad etter forskotteringslova.
Særtilskot skal fastsetjast slik at dei dokumenterte nettoutgiftene blir fordelte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira etter forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot. Særtilskot skal ikkje reduserast for samvær. Det skal ikkje fastsetjast særtilskot dersom den tilskotspliktige manglar full bidragsevne. Der foreldra held to markeringar av konfirmasjonen som fell tett saman i tid, skal særtilskotet fastsetjast som eit nettobidrag.
Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.
§ 3.
Særtilskot skal betalast i ein samla sum. Særtilskot kan likevel betalast i terminar dersom utlegget skal gjerast opp slik.
§ 4.
Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. oktober 2003. Frå same tid blir forskrift av 13. oktober 1992 nr. 761 om særtilskot oppheva.
F18.03.2004 nr 557 i kraft 01.04.2004. Hjemmelsfeltet er endret. Før endring:
Fastsett av Barne- og familiedepartementet 15. januar 2003 med heimel i lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 52.
F15.12.2008 nr 1368 i kraft 01.01.2009. § 1 er endret. Før endring:
Foreldra kan påleggjast å yte særtilskot dersom det oppstår særlege utlegg. Det er eit vilkår at utgiftene er rimelege og nødvendige, og ikkje går inn under dei utgiftene som det ordinære fostringstilskotet skal dekkje.
F15.12.2008 nr 1368 i kraft 01.01.2009. § 2 er endret. Før endring:
Særtilskotet blir fastsett av tilskotsfuten på grunnlag av dei faktiske utgiftene som blir dokumenterte. Det kan ikkje påleggjast særtilskot dersom utlegget er lågare enn fullt tilskotsforskot per månad etter forskotteringslova.
Særtilskotet skal fastsetjast slik at dei dokumenterte nettoutgiftene blir fordelte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira og skal rundast av til den næraste sjettedelen av utgifta etter forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot. Særtilskotet skal ikkje reduserast for samvær. Det skal ikkje fastsetjast særtilskot dersom den tilskotspliktige manglar full bidragsevne.
Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.
F31.05.2006 nr 620 i kraft 01.07.2006. § 2 tredje stykket er endra. Før endring:
Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for fylkestrygdekontoret.
F15.12.2008 nr 1368 i kraft 01.01.2009. § 3 er endret. Før endring:
Særtilskot skal betalast i ein samla sum. Særtilskot kan likevel betalast i terminar dersom utlegget skal gjerast opp slik.