[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[no.alt.frustrasjoner] Re: hvorfor????



  From: jardarab+news-200342@pvv.ntnu.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen)
  Newsgroups: no.alt.frustrasjoner
  Subject: Re: hvorfor????
  Date: Fri, 24 Oct 2003 08:59:54 +0000 (UTC)
  Message-ID: <slrnbphqga.ido.jardarab+news-200342@tyrell.nvg.ntnu.no>

  I artikkel <1KVlb.1043$mf2.13442@news4.e.nsc.no>
  skreiv Hanne <hannebec@start.no>:

  > Når sender av budskapet  forsøker å si "Jeg har lyst til å være litt mere
  > sammen med deg!" Mottaker går i forsvar og hører: " Hun er ikke fornøyd med
  > meg" - og går i forsvar og sier " du bare klager"
  > Sender blir lei seg og tenker"Han er ikke glad i meg....

  Jenter er rare. Etter lange, intense og systematiske studiar har eg kome
  fram til at dersom ein skal vinna eit jentehjarta (med unntak av éi
  einaste superduper jente som eg greidde å verta saman med), må alle desse
  kriteria verta oppfylte:

   1) Vis henne ekstra omtanke og interesse for det ho driv på med, slik at
      ho føler at du bryr deg.
   2) Ikkje vis henne ekstra omtanke eller interesse, for då vil ho føla at
      du er for slitande.
   3) Les tankane hennar, slik at ho slepp å seia korleis ho vil ha det.
   4) Ikkje les tankane hennar, for du vil berre lesa feil, og då gjeng det
      på trynet.
   5) Snakk beint ut med henne når det er noko, ver ærleg, slik at ho føler
      seg verdsett som eit fullverdig menneske, og slik at de unngjeng
      mistydingar.
   6) Ikkje snakk beint ut med henne når det er noko, men send løynde
      signal, slik at du ikkje skræmer henne bort.
   7) Ikkje send løynde signal, for ho vil aldri klara å tolka dine signal
      slik som du meinte dei, ettersom ho ikkje er tankelesar.
   8) Vis kjensler, slik at ho ser at du er eit ekte medmenneske.
   9) Ikkje vis kjensler, for då vil ho tru at du er svak. Særleg gjeld
      dette å visa kjensler som du har for _henne_.
  10) Lat henne sjå at du har kjensler for henne.
  11) Ikkje snakk, det vil verta oppfatta som utslag av panikk, og er
      slitande for henne.
  12) Ikkje ver still, det vil verta oppfatta som utslag av panikk, og er
      slitande for henne.
  13) På spaserturar må du ikkje gå nærare enn 2 meter, for då vil ho føla
      seg pressa.
  14) På spaserturar må du ikkje gå lenger unna enn 1,5 meter, for då vil ho
      føla seg avskydd.
  15) Sei aldri til henne at ho er grei, for då vil ho føla seg pressa til å
      vera grei, og ho vil meina at du er ein uærleg smiskar.
  16) Pass på å fortelja henne at ho er grei, for elles vil ho føla seg
      som eit dårleg menneske.

  Dersom ein gut ikkje oppfyller alle desse krava, so vil ho meina at han er
  ein tufs som ikkje har peiling på korleis han skal oppføra seg mot ei
  jente.

  Jardar


-- 
Utvalgt av Vidar Skjelanger
Send bidrag til no-alt-gullkorn@moderators.usenet.no
OBS: <URL:http://www.stud.ifi.uio.no/~jani/OBS/no-alt-gullkorn.shtml>